torsdag 29. oktober 2009

Sunnmøre:)

Då er eg heime på Sunnmøre igjen. Etter nesten 3 månader sidan sist, så er det godt å ha ei veke heime. Den skal brukast til avlsapping og sosial henging med vener og familie her. Noko eg ser veldig fram til! Ingen plass er så flott som Sunnmøre og ingenting er så godt som å kome heim!

fredag 4. september 2009

Ja, då har eg vore her i snart ein mnd allereie. Dagane går utruleg fort, og eg føler at vekene berre flyg. Men det er sikkert fordi eg har så mykje kjekt å sysle med. Den siste veka har eg og gjort mykje kjekt. Legge ved litt bilete så dokke får sjå. Sist helg var det matfestival i byen, ikkje like stor som den heime i Ålesund, men kjekt var det allikavel. Då låg det igjen litt høy i frå Bondens marked, så på tirsdag tok eg og Tone med oss barna ut for å hoppe i høyet. Fekk gode assosiasjona til min barndom heime på Bjørkavollen, der somarens høgdepunkt var hesjing,høy og traktorkøyring.


Eg blei begravd!!


Torsdag blei vår kjære Tone 21 år, og vi lurte ho trill rundt og laga overraskelsesfest for ho. Stor STAS!



Onsdag hadde Linn bursdag, så då var det indisk fest i Nedre Elvegate 6.



En tur i byen en kveld





Staben var på tur forrige veke,då starta vi først med Himalayaløyper i Fritidsparken, så her er det Kristin som er nokke gode meter over bakken. For meg med min høgdeskrekk, så vart det litt vel skummelt. Prøvde eit par av løypene, men då kjente eg at det var nok.
Videre var i på Luksefjell og overnatta i telt. Kjekt og sosialt!






Eva posa ved havnerestauranten.







Søndag var det Snipetorpmarknad. Snipetorp er Skiens vakraste gate, med mange eldre hus. Den siste helga i august har dei sånn gamalt marked der. Veldig koselig.




Jada, så her er litt bileter av livet mitt for tida. Eller så gler vi oss no til studentane kjeme. Blir spanande å sjå kva dette året vil bringe for kvar og ein.
For meg sjølv, så byrjar eg no å kome godt inn i mine arbeidsoppgåver. Eg ser at det er mykje som kan og bør gjerast her, og eg gler meg til å sette i gang!
Håper alt her bra med deg der du er!


lørdag 22. august 2009

Henging med UiObarn:)

I veka som har gått, så har eg vore litt i lag med dei skjønne UIO barna her på basen. Kvar tirsdag skal eg og Hannah ha opplegg for barna, slik at dei blir litt meir inkludert og få eigarskap i basen på lik linje med oss andre. Så det blir kjekt håpar eg! Så på tirsdag baka eg banankake til kaffin ilag med Lydia og Maria. Veldig flinke jenter altså! Husmødre på 6 og 7 år, det lova godt for framtida;)
"Errrr denne din Gunhild?" På tirsdag passa eg Salome og Matteo, Hild Mari og Sigfred underviste på stabstrening på Hamar, så då henta eg dei i barnehagen og hadde dei resten av dagen. Veldig kjekt:)

"Halloooooo, nå skal jeg skrrrrive melding!" Matteo har nettopp lært seg å sei r, så då blir det ekstra r i alle ord.


Sjøl om dei slosst innimellom, så er det og veldig stor søskenkjærleik hos dei.




Godingane


Etter at Matteo hadde lagt seg hadde vi jentene litt kvalitetstid, med lesestund og tegning av prinsesser!
Så eg har hatt ei veldig fin veke, slitsom, men veldig koselig:)




mandag 17. august 2009

Sommer 09

Oj! Snart 2 mnd sidan siste innlegg!! Jaja,er det somarferie, så er det ferie frå det meste! Men no er eg godt på plass i Skien igjen, og har starta i jobben som vertinne her på UIO-basen. Har nett komt heim frå GO-fest i Stavern. Så her kjeme litt bilete frå somaren min,i omvendt kronologisk rekkefølge, så skal eg prøve å vere flinkare til å oppdatere bloggen utover hausten:) Sandleik med barna på GO-fest
Teltliv med grilling er SUPERT!
"GO-fest begins when Skien wins!" For nte gang på rad, så vann Skien fotballturneringa i år og.
Karoline og Marius gifta seg 8 august, og eg fekk vere med å feire dei!
Vi var på båttur en kveld, og fekk sjå ein nyyyydelig måneoppgang over Sunnmørsalpane!
Eg var i Skottland på Mission Adventures, og denne nydelige jenta, Browen, var dattera til kontaktfamilien vår der borte!
Her er eg og Linda hos Jocelyn. Den fantastiske dama som vi budde hos i Arbroath.
Eg og Linda testa Atlanterhavet i Skottland. Kaldt og godt!
Friendsbilde på Arbroath Abbey
En ekstremist under treningsleiren
Mine flotte jenter, Linn og Ingebjørg
Kaffikos under treningsleiren. Linn,Kathrine og Marlene
Helga før MA så var eg på besøk hos Marlene på Nøtterøy! Kjempekos! Sykkel-og skogstur i Hellaskauen.
Bringebær på gang!
Sommer og bading!
Eva var på besøk hos meg ei helg i Ålesund! Knallkjekt!

Grillings og bading på Vatne hos Ingvild. Her Stine og Marianne.


Så somaren har vore ganske innhaldsrik, og innimellom dette så har eg også denne somaren jobba på Blindheim Omsorgssenter, tjent meg litt peng.
Somaren har gått altfor fort uansett......

Menmen, c'est la vie!

søndag 21. juni 2009

Besøk fra Amerika

Ja, då er mitt besøk over, og eg har tatt farvel med Erika og Will.....eller, ikkje farvel, men på gjensyn. For eg skal til Denver iløpet av 1 1/2 år har vi sagt!
Så vi fann ut at vi måtte ha nokre dagar ilag før vi sa på gjensyn. Så det var veldig godt å ha dei her heime, ilag med Erikas foreldre og søster.
Mange hadde sagt til dei at å reise til Ålesund berre for ein dag var tullete, for ein fekk jo ikkje sett så mykje på den tida....men det motbeviste vi! Vi tog bytoget, rusla i byen og var på båttur på kvelden. Og eg, Erika og Christa var på ein rusletur i nabolaget her i tillegg den kvelden dei kom! Så dei var heilt overvelda over alt dei fekk sett og gjort på ein dag!
Det var veldig godt å få ha litt til ilag med Erika og Will på eigenhand, slik at vi fikk sagt hade på ein skikkelig måte. Var veldig deilig på graduation, å kunne sei "see you in two weeks" når alle dei andre tok farvel.
Men no har dei dratt.....Will er trygt tilbake i Denver, og resten er i Stokmarknes i Vesterålen. Dei reiser over dammen 27 juni.
Så då får vi håpe at det går trygt for dei og...
Er egentleg litt vanskelig å sette ord på korleis eg føler meg. På vei heim frå flyplassen i går så kom tårene.....rart kor mykje ein person kan bety for deg etter så kort tid. Erika har blitt veldig spesiell for meg, og vi har hatt eit godt og spesielt forhold. Men vi har sagt at vi skal halde kontakta, så SKAL eg bort å besøke ho snart!


Men i dag så virka det veeeeeeldig lenge til......

onsdag 17. juni 2009

Takknemlig!

Har funne ut kor heldig eg egentleg er og kor mykje eg har å vere takknemlig for.....

-I dag skal eg ha mi første vakt for sommeren. Takknemlig for at eg har litt jobb så eg kan tjene pengar.


-Sola skin i dag, etter x antall daga med regn. Takknemlig for at bur på Sunnmøre,for då set eg så STOR pris på sola når den først kjeme!


- Bor i eit fritt land! Takknemleg for at eg ikkje treng å ver redd for krig.


-Har alt eg treng. Takknemleg for at eg har ein Gud som forsørgar.


-Eg har mange gode venar. Takknemleg for at Erika og Will kjem på besøk i morga å blir til laurdag.


-Eg har ein familie som eg er glad i. Takknemlig for dei dagane eg klare å halde tolmodigheta oppe og har ein god dag ilag med dei.


-Veit kva eg skal til hausten. Takknemleg for at folk sei ja til å ta i mot støttepartnerbrev. (Vil du ha eit, så gje ein lyd:)


-Har ein Pappa som elska meg med ubetinga kjærleig! Takknemlig for at eg får kalle meg prinsesse av himmelriket!



Har masse meir eg kan ver ufatteleg takknemlig for, men dette er ei lita liste heilt på tampen.....

Skal straks på seinvakt, og gler meg faktisk til å gjer nokke å ikkje berre gå heime å drive dank heile dagane..... :)


Håpe du har det bra der du er!


mandag 15. juni 2009

Øyatur!

Då var det vel på tide med eit nytt innlegg på denne sida....er ikkje så mykje som skjer for tida, så blir vel litt sommerferie her og. Men no har eg fått meg nytt kamera, så kanskje det kjem eit bilete i ny og ne:)
På søndag var eg i hvertfall på øyane heile dagen. Starta med forsamlingstur til Alnes, før eg vende nasen vidare mot Vigra og sommerfest for leirledera. Begge samlingane var veldig kjekke! Her er det gymnastikk for ivrige leirleiarar!
Som eg sa så har eg fått meg nytt kamera og der kan ein stille inn ulike fargar ein vil fokusere på! Så her er det blått. Veldig stilig syns eg!

Forsamlinga i gang med ulike aktivitetar! Veldig kjekt å ver ilag med gjengen frå Blindheim. Merkar at eg har sakna dei, så det er godt å kjenne at det er godt å komme heim i blant:)



Merete hadde laga kake til den som ville ha, god var ho! Både kaka og Merete!
Stas med sommer og tur! Sjølv om sommeren held seg vekke for tida.....